|
|
Velkomen
Velkomen til våre heimesider. Vi ønsker å gjere din kontakt med oss så enkel som mogeleg. Difor skal det bli tilrettelagt for reseptbestilling via desse sidene. Tenesta vil etter kvart også bli utvida.
Du vil i tillegg etter kvart finne ein del informasjon om legesenteret her. Ellers er du velkomen til å ta kontakt på telefon dersom du ønsker.
|
| Nyheter |
Om Bryne legesenter Bryne legesenter ligg i 2.etasje i Gamle Bryne Mek. Inngang er på sørsida av bygget frå Kirsten Brynes veg. Senteret er utforma slik at det skal vere lett tilgjengeleg for funksjonshemma brukarar.
Det arbeider 8 legar ved senteret og det er til saman 5,5 stillingar som medhjelpar. Alle medhjelparane ved legesenteret er sjukepleiarar.
Ved Bryne legesenter vert det drive allmennlege-praksis og alle legane er tilknytta fastlege-ordninga. Legane er anten spesialistar i allmennmedisin eller er under spesialist-utdanning.
Alle legane har faste kommunale oppgåver i tillegg til å drive praksis, t.d. å vere helsestasjonslege, tilsynslege på sjukeheim etc.
|
|
|